Dei fleste av oss deltek ikkje aktivt i planlegginga av ei gravferd meir enn eit par gongar i løpet av livet, og ganske kort tid etter dødsfallet må det takast stilling til om den avdøde skal ha sin siste kvilestad i ei kistegrav på gravstad eller om den skal kremerast. Kvifor vel somme begravelse i kistegrav medan andre vel kremasjon? Og kven er det eigentleg som tek denne avgjersla?

Heiter det begravelse, gravferd, bisettelse eller bisetjing?

  • «Bisetjing» (nynorsk) eller «bisettelse» (bokmål) er ord som tradisjonellt vart brukt om tida mellom dødsfall og begravelse/kremasjon der kista stod «på vent». I vår daglegtale er begrepet no brukt om ei gravferdshandling som endar med at den som er død blir kremert. Då blir kroppen brent til oske, og oska vert samla i ei urne.
  • «Begravelse» er mest brukt om handlingen når ein avdød vert lagd i kiste og begravd i jorda på ein gravstad.
  • «Gravferd» er mest brukt som ein fellesbetegnelse for «begravelse» og «bisetjing».

Norske gravskikkar

Gravskikkar har endra seg mykje gjennom historien. Det har vore vanleg med både begraving av dei døde og brenning av lika til oske gjennom store delar av eldre historie – heilt fram gjennom vikingtida. Men i Noreg vart brenning av lik til oske avvikla når kristendommen vann fram i landet frå om lag år 1000. Deretter var dette ikkje tillete her til lands før heilt på slutten av 1800-talet. Grunnane til at dette då vart tillatt og sett på som naudsynt var fleire: oppfinninga av kremasjonsomnen, auka befolkningstettleik hadde ført til overfyllte gravplassar og auka kunnskap om smittsomme sjukdommar gjorde at gravstadar vart sett på som ei potensiell smittekjelde. Lova som tillet kremasjon kom i 1898, men det første krematoriet var ikkje på plass før i 1907 grunna stor motstand frå Kyrkja som såg på kremasjon som ein heidensk skikk. Norges første krematorie vart bygd i Bergen i 1907 og ein av dei første som vart kremert der var Edvard Grieg.

Er det mest vanleg med kremasjon eller begravelse?

Fordelinga mellom antall begravde og kremerte varierer mykje i ulike delar av landet. I bygdestrok har ein ofte relativt få som vert kremerte, medan i mange bystrok er andelen my kje høgare. Som eit døme har andelen kremasjonar i Bømlo kommune vore om lag 15% dei siste åra, medan i Bergen vel opp mot 80% dette alternativet. I Noreg under eitt er andelen kremasjoner like under 50%.

Kven bestemmer om det skal vera begravelse eller kremasjon?

Den som er fylt 18 år kan skriftleg gje ein anna person retten til å «syte for» / bestemma over gravferda si. Den som syt for gravferda har det juridiske ansvaret for gravferda og avgjer mellom anna om den døde skal begravast eller kremerast. Om slik skriftleg rett ikkje er gitt har avdøde sine næraste etterlatte over 18 år denne retten. Dei næraste etterlatte er i rekkefølge: ektefelle (eller sambuar i ekteskapsliknande forhold), born, foreldre, barneborn, besteforeldre, søsken, søskenbarn og foreldres søsken. Om den som har retten ikkje ynskjer å ha ansvaret går retten videre til neste ledd. Om like nære etterlatte ikkje vert enig om kven som skal syte for gravferda er det kommunen som bestemmer kven som skal ha retten. Om ingen ynskjer å syte for gravferda skal kommunen som avdøde var busett i ved dødstidspunktet syte for gravferda.

Gravferdslova regulerer denne retten, og retten vert gitt til ein person åleine for å sikra at gravferd skal kunna gjennomførast innan tidrommet i lova i tilfeller med stor usemje blandt dei etterlatte.

Kor lang tid etter dødsfallet skal gravferda gjennomførast?

Gravferdslova seier at gravlegging normalt skal skje seinast 10 virkedager etter dødsfallet har skjedd. Dersom avdøde skal kremerast skal kista vera levert til kremasjon innan dei 10 virkedagene, og urna skal då gravleggjast innan 6månader etter dødsfallet. Urna skal oppbevarast hjå gravplassmyndigheten fra til urna vert gravlagd.

Spreiing av oska

Om du ønskjer at oska di skal spreiast i naturen kan du søkja statsforvaltaren om dette. Og etterlatte kan søkje om dette, men då må det ha vore avdøde sitt ynskje, og dei etterlatte må i søknaden greie ut korleis avdøde har uttrykt sitt ynskje om dette. Foreldre kan og få løyve til å spreia oska etter born under 18 år. Merk at om oska vert spreia mister ein retten til å få namnet på eit gravminne på ein gravstad. Det er ikkje anledning til å dele oska for å spreia ein del og gravleggja ein del. Det er heller ikkje lov å har urna med oska heime på peishylla slik ein kanskje har sett på film.

Kvifor vel somme begravelse medan andre vel kremasjon?

Det kan vera ulike årsakar som ligg til grunn for val av gravleggingsform. Lokale og familiære tradisjonar spelar ei stor rolle, og for mange kan begravelse kjennast som det «trygge» valet om avdøde sitt syn på dette ikkje er kjent.

Kremasjon opnar for ein del moglegheitar og fordelar:

  • Gravlegging av opp til 6 urner i jordlaget over ei eksisterande kistegrav.
  • Gravlegging av opp til 4 urner i samme urnegrav.
  • Plassbesparande: Ei urnegrav med gravstein tar normal halvparten av plassen til ei kistegrav.
  • Stellfrie minnelunder der gravplassmyndigheten set opp namneplate på felles minnesmerke og steller området rundt
  • Økonomi: Gravlegging av urne på minnelund er oftast rimelegare enn kistegrav då ein slepp kostnad til gravstein.
  • Oskespreiing
  • Ved dødsfall i utlandet forenklar kremasjon på dødsstaden heimtransporten, og reduserer kostnaden til heimtransport.

Kulturelle og religiøse normer er ofte av stor betydning.

  • I Islam er kremasjon normalt ikkje tillete.
  • Jøder har tradisjonellt valgt begravelse
  • I Sikhismen kremeres den døde.
  • For hinduar er kremasjon det vanlege, og dei plar følgja kista heilt til den blir satt inn i omnen.
  • Buddismen har ingen læremessig føring for gravleggingsform, men ved kremasjon ynskjer etterlatte ofte å være til stades under kremasjonen.
  • I Kristendommen var kremasjon tidlegare sett på som ein heidens skikk, men i dag legg dei fleste kristne trusamfunn ingen føringar for om deira medlemmer skal velgje begravelse eller kremasjon.
  • Human Etiske gravferder kan gjennomførast som begravelse eller kremasjon.

Må alle gravleggast på gravplass ved kyrkja?

Gravlegging av kiste/urne skal skje på ein offentleg gravplass. Untatt er om det er gitt løyve til oskespreiing. Det er ikkje høve til å dele oska etter ein kremasjon for å setje ned delar av oska i urne på gravplassen og spreie noko av oska andre stadar. I Noreg så vert gravplassane sentralt administrert av Statsforvalteren. Lokalt er dei administrert av kyrkjelege fellesråd eller kommunen.

Gravferdslova krev at «Gravlegging skal skje med respekt for avdødes religion eller livssyn». Dette vil seia at det skal vera gravstader/felt som ikkje er vigsla av kyrkja, og til dømes graver som er orientert andre retningar enn slik dei tradisjonelt har vore ved gravferder frå Kyrka.

Kva retning skal ei grav ha?

Tradisjonelt har kistegraver i Noreg vore orientert slik at hovudet ligg mot vest og føtene mot aust, men det er ikkje lover som regulerer dette. Sidan Islam krev begravelse med andletet vendt mot Mekka vil ei muslimsk grav ha ein litt anna retning slik at ende langsida vender mot Mekka og den gravlagte er lagt i kista med hovudet vendt til sida.