Gravsteinar

Deler av utstillinga vår på Stord. Me har utstilling av gravminner på Stord, Fitjar og Bømlo.
Minnet etter den som er død lever lenge, og gravmonumentet markerer nettopp dette. Vår leverandør Eide stein er Norges største bedrift innan bearbeiding av stein, og deira lange håndverkserfaring i steinfaget gir fagleg trygghet til deg som kunde og oss som leverandør. Eide stein har fast levering med eigen bil om lag kvar 3. veke noko som gjer at me har kort leveringstid etter bestilling. Frakt og montering er alltid inkludert i prisen, og montering vert utført av oss i Verdig.
Vår erfaring er at val av gravstein er lettast å ta når me saman går gjennom ønskja dykkar. På sida her kan du lesa og sjå på ulike modellar som vår leverandør Eide har i katalogen, men me gjer gjerne individuelle tilpassingar.
Me har eit stort utval gravsteinar i katalogen frå enkle steinar med naturleg overflate til polerte og vedlikehaldsvenlege utføringar. Om du har sett for deg andre utformingar gjer me gjerne tilpassingar på modellane, eller me kan teikne nye utformingar heilt fritt etter dine ynskjer.
Ta kontakt, så set me oss ned for ein uforpliktande samtale om gravmonument.
Eigen utforming av gravsteinar
Prøv gjerne vårt designverktøy om du vil laga ditt eige design på ein av våre eksisterande modellar. Dette kan nyttast om du ynskjer å førebu deg til samtalen med oss, eller om du ynskjer å legge inn bestillingen direkte hjå vår leverandør Eide Stein. Personleg designhjelp er utan ekstra kostnad om du treng det.
Prøv oss! Det er heilt uforpliktande, anonymt og gratis.
Det er ingen innlogging eller registrering, og ditt design kan lastast ned, skrivast ut på papir eller delast som epostvedlegg. Det vert også generert ei detaljert prisliste.
Du får tildelt ein unik kode til ditt design slik at du seinare kan opna ditt design på nytt.