I ei allereie tung tid skal ikkje økonomi vera ei ekstra belastning. Derfor legg me vekt på å tilby løysingar som gjer gravferda både verdig og økonomisk overkomeleg. Me vil alltid gi deg god rettleiing slik at du kan velja opplegget som passar best for din situasjon. Når me veit korleis gravferda skal gjennomførast, får de eit prisoverslag med eksakte kostnader.
Me hjelper deg òg gjerne med søknad om gravferdsstønad, om du skulle ha behov for det.
Me har tre grunnprisar som viser kostnader for varer og tenester i ulike gravferder:
Tradisjonell gravferd
kr 42 144*
Sett saman slik dei fleste gravferdene vert gjennomførte.
150 deltakarar.
Enkel gravferd
kr 34 904*
Ei rimeleg løysing med enkel seremoni og kostnadsbesparande val.
50 deltakarar.
Utan seremoni
kr 22 309*
Bistand ved dødsfall uten seremoni:
*I priseksempela er det tatt høgde for at det er grunnlag for båretransportstønad frå NAV. Det er eigeandelen der som er inkludert i denne prisen. Dersom det ikkje er grunnlag for slik stønad vil prisen auka, ofte mellom 2000-7000kr.
* Prisane gjeld i kommunane Verdig gravferd har kontor, i andre kommunar etter avtale.