Blomar

Å omkransa båra eller urna med vakre blomar er ein tradisjonell måte å vise respekt for den avlidne og takksemd for levd liv. Kondolanseblomar formidlar omtanke og medkjensle når ord ikkje strekk til. Blomeleverandørane våre er fagfolk og kunstnarar som pregar seremoniane kanskje meir enn nokon andre. Val av blomar gjev moglegheit for eit personleg preg på ei vakker avskjedsstund.

Blomehelsing

Bestilling av blomar til heimen eller seremonien.

Dersom dei pårørande har opna for det, kan du bestilla blomar til heimen og seremonien her på nettstaden.

På minnesidene kan du tenna lys, lesa dødsannonsa, gje ei minnegåve, skriva ei helsing eller minneord, og finna lenkje til strøyming av seremonien.