Arv og skifte

Eit av dei mange vala som må takast etter eit dødsfall er å ta stilling til kva ein skal gjera med eigedelane etter den avlidne. Det er fort gjort å ta eit ugunstig val i ei vanskeleg tid – dette valet kan ha store økonomiske og familiære konsekvensar! Me gjev i våre samtalar med pårørande etter eit dødsfall innledande informasjon om dei ulike skifteformene som det kan velgjast mellom, men råd om arv og skifte ligg utanfor vårt fagområde. 

Når ein person døyr vert alle eigedelar og gjeld som den personen hadde kalla eit dødsbu, og fleire personar kan ha rett til å arva deler av dette dødsbuet. Desse rettane er regulerte i arvelova, og det er tingretten som gjev arvingar fullmakt (skiftesattest) til å fordela (skifte) dødsbuet dersom arvingane ynskjer det. Arvingane må då og ta på seg ansvaret for å dekka ei eventuell gjeld i dødsbuet dersom det skulle visa seg å vera meir gjeld enn eigedelar etter avdøde. Om arvingane ikkje ynskjer å ta på seg gjeldsansvaret kan tingretten ha eit offentleg skifte der dei nyttar av midlane i dødsbuet til å utnevna ein bubestyrar som fordeler eigedelane til å dekke gjeld buet hadde og å fordela ei eventuell arv. 

Vanlegvis sender gravferdsbyrået, med fullmakt frå dei etterlatte, ei melding til tingretten om at dødsfallet har skjedd. Tingretten vil då senda informasjon til arvingane om at dei kan velja om dei ynskjer å fordela/skifta dødsbuet sjølv (eit privat skifte), evt ved hjelp av ein tredjeperson som til dømes ein advokat.

Om avdøde var gift kan ektefellen i ein del tilfelle velgja å sitja i uskifta bu. Då vert ei eventuell arv utsatt til ektefellen døyr. I nokre tilfelle kan sambuar og sitja i uskifta bu.

Eit val om privat skifte av dødsbu inneber normalt at arvingar tar på seg ansvar for både formue og gjeld som måtte finnast i buet. Det same gjeld eit val om å sitja i uskifta bu. Det er difor avgjerande å vera viss på kva formue og gjeld dødsbuet har før ein vel å ta på seg gjeldsansvaret.

Arvingar har ikkje plikt til å ta over gjeldsansvar frå eit dødsbu.  Dei har 60 dagar på seg før dei må gjere dette valget, og om dei ikkje har den fulle oversikta finst det gode måtar å skaffa seg denne oversikta på. Om ingen ynskjer å skifta buet er det opp til tingretten å avgjere om det skal opnast eit offentleg skifte. Om det er slått fast at det er lite verdiar i buet finnes det egne skiftesformer for «dødsbu av liten verdi».

Arvelova regulerer kven som har rett til arv, og korleis arv skal fordelast. Du er arving om arvelova seier at du er det, eller om du er tilgodesett i eit testament. Eit testament kan utvida og, i enkelte tilfelle, innskrenka ektefelle og born si rett til arv.

Om avdøde har eit testamente oppbevart hjå tingretten sender dei ut ein kopi av testamentet til arvingane. Om testament har vore oppbevart heime eller i ein bankboks skal orginalen leverast til tingretten etter dødsfallet. Eit testament må oppfylla ein del formelle krav for å vera gyldig.

Til våre kunda tilbyr advokatfirmaet Responsa eit 15 minutt gratis digitalt infomøte. Her får de ei generell innføring om arv og skifteformer frå ein jurist med lang erfaring.  Responsa eit leiande advokatmiljø på Vestlandet og har spesialisert kompetanse innan arverett. 

Ta kontakt for meir informasjon. 

Utdjupande informasjon finn du her: 

Dødsfall, arv og skifte på domstol.no

Arv og Skifte - Illustrasjonsbilde