Kister

Kister kan vera tidlause, tradisjonelle eller individuelt tilpassa. De kan velja ulike tresortar, fargar, håndtak, ja jamvel få egne tekstar prega på kista. Uansett kva de vel, så kan de vera trygg på at vår kisteleverandør leverer høg kvalitet på sine produkt, og strekk seg langt for å imøtekomma dykkar ynskjer.

Kistene som me leverer har båtform, slik at dei er breiare øvst enn nedst. Dette er ein gammal norsk tradisjon som kan førast over 1400 år tilbake i tid. I vikingtida blei store leiarar og krigarar gjerne gravlagt i båtane sine, slik som i Oseberg- og Gokstadskipet. Tanken var at båten skulle frakta den døde trygt over til dødsriket. Det er noko vakkert og tidlaust over denne førestillinga – og over den norske kistetradisjonen.

Utvalgte modellar

Det er kun modellane «klassisk kvit», «natur» og «eikebeisa» som leverast med ekstra lengde/bredde.

Klassisk kvit kiste

Kvitmalt furukiste med sølvfarga hengehåndtak. Eit trygt og tidlaust val og vår mest etterspurte modell.

Enkel kvit kiste

Kvitmalt furukiste med trehåndtak.

Perlekiste

Kvitmalt furukiste med perlebord og profilar.

Enkel natur

Kiste i ubehandla furu.

Bomullsfoliert kiste

Bomullsfoliert furukiste med trehåndtak.

Alle kistemodellar frå SIBI

Merk at lageret kan vera tomt for einskilde modellar.

Det er kun modellane «klassisk kvit», «natur» og «eikebeisa» som leverast med ekstra lengde/bredde.