Gravstell og vedlikehald

Treng du hjelp med gravstell?

Når vinteren slepp taket hender det at gravstein flyttar litt på seg og treng ei oppretting.
Enkelte av gravplassane har ugunstige grunnforhold og eit fundament av nye massar under steinen kan vera naudsynt for at steinen skal stå støtt. Og kanskje skulle den ha vore reingjort eller pussa opp med det same?
Me kan tilby vedlikehald, oppretting, sikring og oppussing av stein, og tar gjerne på oss oppdrag med beplantning.
Kontakt oss gjerne så set me opp eit forslag til løysing og eit tilbud til deg!

Beplanting på gravstad

Me samarbeider med lokale blomeforhandlerar og gartneri og kan tilby plantepakkar som høver for årstida.

Me kan utføra eingongsoppdrag eller langtidsavtalar på beplanting.

Bronsedekor

Me sel dekorprodukt i bronse frå Pilla. Pilla er kjent for høg kvalitet og holdbarhet på bronseprodukta. 

Dei aller fleste av våre bronseartiklar kan leverast i ei rekkje fargar og fargekombinasjonar. For best mogleg haldbarhet i norsk klima er alle produkta behandla med klarlakk. Me lagerfører eit utval av bronseprodukt. Andre produkt vil normalt leverast med nokre vekers leveringstid.