Når livet stoppar opp, er me her for å ta vare på deg og dei du er glad i.
Vårt oppdrag er å hjelpa deg med å ta avskjed på ein verdig og personleg måte. Med erfaring, omsorg og tryggleik, tar me hand om det praktiske og formelle – slik at du og dine kan fokusera på sorga og minna.
Hos oss får de personleg innverknad på korleis minnet etter dykkar kjære skal heidrast, enten de vel å ta avskjed i stillheit eller har ein stor seremoni.
Me legg til rette seremoniar for alle religionar og livssyn, i tråd med ønska til den avdøde og de som pårørande. Me er til stades i heile Sunnhordland – med samtalerom både i Stord, Fitjar og Bømlo – og har god kjennskap til tradisjonane, verdiane og behova i regionen vår.
Respekt. Verdigheit. Moderne.
Verdig Gravferd blei etablert av Helge Mæland og Ståle Mæland i 2020, og er bygd på tre verdiar som me navigerer etter kvar einaste dag: «Respekt», «Verdigheit» og «Moderne».
For oss betyr desse verdiane at i livets mest sårbare augeblikk skal våre gravferdskonsulentar møta pårørande med varme og respekt, og ivareta verdigheita til den avlidne. Me skal følgja med i tida, både når det gjeld fagleg utvikling og ved å vera opne for å tilby nye produkt og tenester. Høg kvalitet i dei personlege møta, føreseielege prosessar og nærheit til dei pårørande, er òg krav me stiller til oss sjølve.

Sommarfuglen vår
Sommarfuglar er noko av det vakraste som er skapt.
Skjør. Og likevel med enorm forvandlingskraft.
Kvar familie med sine unike særpreg. Og kvart individ unikt.
Skjør som ein sommarfugl er også livet. Unikt. Med særpreg. Sommarfuglen er for mange eit bilde på håp.
Kanskje håpet om eit liv etter dette?
Slik larva går over i kokongen og til slutt blir til ein vakker sommarfugl.
Våre samarbeidspartnarar

EIDE STEIN AS er Noregs største bedrift innan tilverking av stein. Med over hundre års handverkserfaring i steinfaget, ein moderne maskinpark og effektiv produksjon, leverer dei gravsteinar med fagleg tryggheit.
Gravsteinskatalogen deira har over 100 ulike modellar, og me får designa gravminne etter kunden sine ønske.

Me er medlem i Virke Gravferd, som er bransjeorganisasjonen for gravferdsbyråa i Noreg.
Det er ein tryggleik for deg, for Virke Gravferd stiller høge krav. Både til etikk, verdigheit, prismerking, utvikling av fagleg kompetanse og det å følgja både lovgiving og bransjenormer.

SIBI AS er ein av dei største leverandørane av gravferdsutstyr i Noreg. Dei har eit stort utval av kister og urner.
Sibi er lokalisert i Os i Bjørnafjorden kommune, og vart starta i 1933.

Advokatfirmaet Responsa AS er eit leiande advokatmiljø på Vestlandet med fokus på optimal juridisk hjelp for næringsliv og privatpersonar. Advokatane har brei erfaring innan familie-, arv- og skifterett.
Alle kundane til Verdig gravferd får tilbod om ei gratis, digital innføring i arv og skifte frå Responsa.