Seremonien

Me mennesker er forskjellige, og det kan også gravferder vera. Ei personleg gravferd må ikkje nødvendigvis vera spektakulær. Det viktigaste er at den stemmer med dine og avdøde sine ønskje slik at det vert ein verdig avskjed.

De kan ha fleire samlingar der minnet etter den avdøde vert heidra, men det er også mogleg å ta avskjed i stillhet. Mange vel å ha ei båresamling for den aller næraste familien nokre dagar etter dødsfallet og ein seremoni som er open for alle seinare. Etter gravferdslova skal seremonien normalt sett vera mellom den tredje og tiande virkedagen etter dødsfallet.

Me hjelper til med det som de måtte ønskje for å skapa samlingar der avdøde blir minna og heidra på ein god og verdig måte.  

Livssynsnøytral

Respekt for livvsyn og religion.

Me syt for at livssynet til den avlidne og dykk som pårørande vert respektert og at det pregar avskjeden om de ønskjer. Me tilbyr livssynsnøytrale- og kyrkjelege seremoniar og tilrettelegg for
seremoniar etter andre livssyn.

Våre gravferdskonsulentar har erfaring med både humanistiske seremoniar og seremoniar i ulike kristne kyrkjesamfunn. De kan ta kontakt med oss, uansett kva trus- eller livssynssamfunn avdøde høyrte til.

Musikk

Musikk speler ei viktig rolle i liva våre. De kan setja eit personleg preg på seremonien ved songar og salmar som de vel.

De kan ha med solistar eller musikarar i seremonien.

Me hjelper dykk med song- og salmeval om de ønskjer, og me formidlar gjerne musikarar.

 

Filming

Me har videoutstyr og teknikkar i gravferdsbyrået, slik at me kan tilby videopptak av seremonien.

Dersom de ønskjer kan me videostrøyma seremonien direkte. Det mest brukte alternativet er at me lagar ei lukka visning for nokre få personar som ikkje har anledning å delta i gravferda.