Arv og skifte

Eit av dei mange vala ein må ta etter eit dødsfall er å ta stilling til kva ein skal gjera med eigedelane etter den avlidne. Det er fort gjort å ta eit ugunstig val i ei vanskeleg tid – dette valet kan ha store økonomiske og familiære konsekvensar for livet ditt! Me gjev i våre samtalar med pårørande etter eit dødsfall innledande informasjon om dei ulike skifteformene som det kan velgjast mellom, men råd om arv og skifte ligg utanfor vårt fagområde. 

Hugs at ein ikkje berre kan arva verdiar men også gjeld! 

Det tar 60 dagar før domstolane bør ha fått melding om korleis ein vil gjere opp buet, så ein har litt tid å setje seg inn i kva val ein skal ta. 

Me vil i samarbeid med advokatfirmaet Responsa tilby jamlege informasjonssamlingar der det vert gitt grundig informasjon om alternativa ein har.

Responsa eit leiande advokatmiljø på Vestlandet og har spesialisert kompetanse innan arverett. 

De kan sjølvsagt nytta dykk av desse samlingane om de har nytta andre gravferdsbyrå, men Verdig gravferd sine kundar får rabatterte prisar.

Ta kontakt for meir informasjon.