Hjå oss skal du kjenna deg godt tatt hand om og få ein verdig avskjed med din kjære.
Me er her for deg.
Ståle og Helge
Verdig gravferd
Me har vår verksemd i heile Sunnhordland med samtalerom på Stord, Fitjar og Bømlo.
Vårt oppdrag er å tilretteleggja slik at de får ta avskjed med den avdøde på ein verdig måte, der alt det formelle blir ivaretatt.
Me syt for at livssynet til den avdøde og dykk som pårørande vert respektert. Me tilrettelegg for seremoniar uansett religion eller livssyn.
Det finnes ingen oppskrift på sorg. Den kan fortona seg svært ulikt, og endrar seg ofte i løpet av sorgprosessen. Bruk den første tida til sorg og bearbeiding av kjensler. Mange av dei praktiske gjeremåla kan du overlata til oss.