Døgnope
91 80 00 40

Seremonien

Me menneske er forskjellige. Det kan òg gravferder vera. Ei personleg gravferd må ikkje nødvendigvis vera spektakulær. Det viktigaste er at ho stemmer med dine og avdøde sine ønske, slik at det vert ein verdig og fin avskjed.

De som pårørande kan ha fleire samlingar der minnet etter den avdøde vert heidra, men det er òg mogleg å ta avskjed i stillheit. Mange vel å ha ei båresamling for den aller næraste familien nokre dagar etter dødsfallet og ein seremoni som er open for alle seinare. Normalt sett skal gravlegging skje innan 10 virkedager etter dødsfallet.

Me hjelper til med det de måtte ønska, for å skapa samlingar der avdøde blir minna og heidra på ein god og respektfull måte.

Respekt for livssyn og religion

Me syt for at livssynet til den avlidne og de som pårørande vert respektert og at det pregar avskjeden – om de ønskjer det slik.

Seremoniar kan vera i regi av ulike trussamfunn, eller de kan velja ein personleg seremoni der de som etterlatne står fritt til å utforma innhald og leiing. Seremonien kan ha både religiøse og ikkje-religiøse innslag. Våre gravferdskonsulentar tilrettelegg etter dine ønsker – uansett kva trus- eller livssynssamfunn avdøde høyrte til.

Me kan hjelpa med å finna eigna lokale, musikar og ekstern gravferdstalar, eller me kan leia seiermonien for dykk. Me bistår og med tilrettelegging rundt andre praktiske og tekniske behov til seremonien.

Musikk

Musikk speler ei viktig rolle i liva våre, med si evne til å skapa ro, vekka minne og setja ord på kjensler som kan vera vanskelege å uttrykka. I gravferda kan songar og tonar gi trøyst, spegla livet til den avdøde og skapa eit rom for fellesskap og ettertanke, og de kan setta personleg preg på seremonien gjennom val av songar og salmar – eller solistar og musikarar, om de ønsker å ha med det.

Me hjelper dykk gjerne med song- og salmeval eller formidling av musikarar.

Treng seremonilokalet lydanlegg eller instrumenter har me utstyr og kompetanse til dette også.

Filming og strøyming

Ønsker du videoopptak eller direktestrøyming av seremonien, kan me ta hand om det. Me har teknologien som trengst, og god erfaring med diskret filming og strøyming i høg kvalitet – der opptaka ikkje er til sjenanse under seremonien.

Blant pårørande som ønsker filming, er det mest brukte alternativet at me legg til rette ei lukka visning for nokre få personar som ikkje har anledning å delta i gravferda.

Døgnope
91 80 00 40