Døgnope
91 80 00 40

Kister

Kister kan vera tidlause, tradisjonelle eller individuelt tilpassa. De kan velja ulike tresortar, fargar, handtak, og jamvel få eigne tekstar prega på kista. Uansett utforming, kan de vera trygge på at vår kisteleverandør leverer høg kvalitet på sine produkt og strekk seg langt for å imøtekomma dykkar ønske.

Kistene som me leverer har båtform, slik at dei er breiare øvst enn nedst. Dette er ein gammal norsk tradisjon som kan førast over 1400 år tilbake i tid. I vikingtida blei store leiarar og krigarar gjerne gravlagt i båtane sine, slik som i Oseberg- og Gokstadskipet. Tanken var at båten skulle frakta den døde trygt over til dødsriket. Det er noko vakkert og tidlaust over denne førestillinga – og over den norske kistetradisjonen.

Våre kister kjem frå lokal leverandør, Sibi, som held til på Os i Bjørnafjorden kommune.

Utvalgte modellar

Alle kistene har som standard trehåndtak, men kan leverast med elegante hengehåndtak i gull- eller sølvfarge.
Modellane «klassisk kvit», «natur» og «eikebeisa» blir lagerført med modellar i ekstra lengde/bredde.

klassisk kvit SIBI-kiste med trehåndtak

Klassisk kvit

Kvitmåla furukiste med langsgående profilar. Eit trygt og tidlaust val og vår mest etterspurde modell.

Enkel kvit

Kvitmalt furukiste med trehåndtak med slette sider uten profilar.

Moderne

Rektangulær hvitpigmentert furukiste

Maritim

Rektangulær maritim furukiste

Klassisk – hengehåndtak

Kvitmåla furukiste med langsgående profilar. Variant med hengehåndtak

Eikefoliert


Foliert furukiste med trehåndtak

Enkel natur

Enkel kiste i ubehandla furu

Klassisk svart

Variant av klassisk kiste, svart med hengehåndtak i sølv

Døgnope
91 80 00 40