Eit gravminne skal stå i mange år og det er viktig å ta seg tid til å finna utforming som kjennes rett – både no og seinare. Katalogane våre frå Eide Stein og Silseth Stein inneheld mange modellar – frå enkle steinar med naturleg overflate til polerte og vedlikehaldsvenlege utføringar.
Om du har sett for deg andre utformingar, gjer me gjerne tilpassingar på modellane, eller me kan teikna nye utformingar heilt fritt etter dine ønske. Ta kontakt for ein uforpliktande samtale om gravmonument.
Utvalgte modellar





Gravstell og vedlikehald
For mange er det viktig å halda grava til ein kjær i hevd, men ikkje alltid like lett å få til. Kanskje helsa set grenser, eller du bur langt unna? Då kan me hjelpa med stell og vedlikehald, slik at grava alltid framstår som ein verdig minnestad.
Me kan tilby vedlikehald, oppretting, sikring og oppussing av stein, og tar gjerne på oss oppdrag med planting. Me samarbeider med lokale blomeforhandlerar og gartneri, og kan tilby plantepakkar som høver for årstida.
Kontakt oss, så set me opp eit forslag til løysing og eit tilbod til deg – anten du ønsker eit eingongsoppdrag eller ein langtidsavtale.
Prisar vedlikehald
Beplanting på gravstad
Me samarbeider tett med lokale blomeforhandlarar og gartneri, og kan setja saman skreddarsydde plantepakkar som høver til årstida. Me tilbyr både eingongsoppdrag, til dømes ved spesielle arrangement eller sesongskifte, og langtidsavtalar der me tek hand om beplanting og stell gjennom heile året.
Bronsedekor
Me sel dekorprodukt i bronse frå Pilla, ein leverandør som er kjent for høg kvalitet og lang haldbarheit. Dei fleste artiklane kan leverast i ulike fargar og kombinasjonar, og alle produkta er behandla med klarlakk for å tola norsk klima. Me lagerfører eit utval, medan andre kan tingast med kort leveringstid.