Å omkransa båra eller urna med vakre blomar er ein tradisjonell måte å vise respekt for den avlidne og takksemd for levd liv. Val av blomar gir moglegheit for å setta eit personleg preg på ei vakker avskjedsstund.
Kondolanseblomane formidlar òg støtte, omtanke og medkjensle. I dei vanskelege stundene, når sorga sit i brystet og orda stokkar seg eller kanskje ikkje strekk til, talar blomane for oss. Dei seier at me er der, i tankar og hjarte, og at me deler byrda av tapet og smerta som følger med.
Me har dyktige, lokale samarbeidspartnarar som kan hjelpa deg – men du står heilt fritt til å velja andre blomeleverandørar om du ønsker det.

Blomehelsingar til heimen eller seremonien
På minnesidene kan du tenna lys, lesa dødsannonsen, gi ei minnegåve, skriva ei helsing eller minneord, og finna lenke til eventuell direktestrøyming av seremonien.
Dersom dei pårørande har opna for det, kan du bestilla blomar til heimen og seremonien på minnesidene til den avlidne.