Velkommen

Me i Verdig gravferd står til teneste for dykk.

Vårt oppdrag er å tilretteleggja slik at de får ta avskjed med den avdøde på ein verdig måte, der alt det formelle blir ivaretatt

Profilbilete til Verdig Gravferd

Ein verdig avskjed

Det finnes ingen oppskrift på sorg. Den kan fortona seg svært ulikt, og endrar seg ofte i løpet av sorgprosessen. Bruk den første tida til sorg og bearbeiding av kjensler. Mange av dei praktiske gjeremåla kan du overlata til oss om du vil.

Døden er slutten på livet, men byrjinga på noko anna. Minna lever lenge. Me mennesker er forskjellige, og det kan også gravferder vera. Ei personleg gravferd må ikkje nødvendigvis vera spektakulær. Det viktigaste er at den stemmer med dine og avdøde sine ønskje slik at det vert ein verdig avskjed.

Den første kontakten med gravferdsbyrået.

Kanskje er det vanskeleg å ringa for å seia at ein av dine næraste er død?

Du vel sjølv om du ønskjer å ringa oss eller kontakta oss skriftleg, enten på Messenger, tekstmelding eller e-post. Så avtaler me eit møtepunkt, der me går gjennom korleis avskjeden skal utformast og me kartlegg dei praktiske gjeremåla framover. Dette kan skje i våre lokale, i heimen dykkar, eller ein annan stad om de vil.

Våre samarbeidspartnarar

Eide stein

EIDE STEIN AS er Norges største bedrift innan bearbeiding av stein. Med over hundre år lang håndverkserfaring i steinfaget, ein moderne maskinpark og effektiv produksjon leverer dei gravstein med fagleg trygghet.

Gravsteinskatalogen har over 100 ulike modellar og me kan få designar gravminner etter kunden sine ønskje.

Virke gravferd

Me er medlem i Virke Gravferd, som er bransjeorganisasjonen for gravferdsbyråa i Norge.

Det er ein tryggheit for deg, for Virke Gravferd stiller høge krav. Både til etikk, verdigheit, prismerking, utvikling av fagleg kompetanse og det å følgja både lovgjeving og bransjenormar.

SIBI

SIBI AS er ein av dei
største leverandørane av gravferdsutstyr i Norge. Dei har eit stort utval av kister og urner.
 

Sibi er lokalisert i Os i Bjørnafjorden kommune, og vart starta i 1933.